Kommunestyre- og fylkestingsval 2023

Det er kommunestyre- og fylkestingsval i september kvart fjerde år. 

Valdagen i år er måndag 11. september 2023.  

Valresultat

Valgdirektoratet har samla alle valgresultat på eiga nettside kalla valgresultat.no

Her finn du resultat for alle val straks dei er rapportert frå oppteljing i kommunane. 

Kven har stemmerett?

Stortings- og sametingsval:

Norske statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av valåret og som er, eller nokon gong har vore, folkeregisterført som busett i Norge og som ikkje har mista stemmeretten etter Grunnloven § 53.

Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og deira husstand har stemmerett sjølv om dei ikkje oppfyller busettingskriteriet. Dersom dei ikkje nokon gong har vore registrert som busatt i Norge, skal dei manntallsførast i Oslo kommune.

For å kunne stemme ved stortingsvalet, må du stå innført i manntalet i ein kommune 

Kommunestyre- og fylkestingsval:

Norske statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av valåret og som er, eller nokon gong har vore, folkeregisterført som busett i Norge og som ikkje har mista stemmeretten etter Grunnloven § 53.

Statsborgarar i andre nordiske land som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som har vore registrert som busett i Norge seinast 30. juni.

Øvrige utanlandske statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som har vore registrert som busett i Norge samanhengande dei tre siste åra før valdagen.

Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og deira husstand har stemmerett sjølv om dei ikkje oppfyller busettingskriteriet. Dersom dei ikkje nokon gong har vore registrert som busatt i Norge, skal dei manntallsførast i Oslo kommune.

For å kunne stemme ved kommunestyre- og fylkestingsvalet, må du stå innført i manntalet i ein kommune.

Manntal

Manntalet er oversikten over alle som har røysterett/ stemmerett i ein kommune. For å kunne stemme må du stå i manntalet.

30. juni i valår

Alle personar med stemmerett blir automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der dei var registrert som busett pr. 30. juni i valåret.

Dersom du har flytta til ein annan kommune etter 30. juni, er du framleis registrert i manntalet og har stemmerett i den kommunen du flytta frå.

Sjekk om du står i manntalet

Manntalet for Stryn blir i valår lagt ut til gjennomsyn frå ca midten av juli og fram til valet. Du kan då sjekke om du står i manntalet i Stryn. Utlegging vert annonsert på nettsida vår og annonse i lokalavisa.  

Dersom du bur i utlandet

Har du vore registrert i folkeregisteret som busett i Norge nokon gong i løpet av dei siste 10 åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der du var registrert som busett då du flytta frå Norge.

Dersom du ikkje har vore registrert busett i Norge dei siste 10 åra, må du søkje til den siste bustadskommunen din om å bli ført inn i manntalet. Du søkjer ved å skrive under på den omslagskonvolutten som blir brukt ved førehandsstemmegjevinga utanriks.

Dersom du førehandsstemmer i Norge eller ikkje brukar den omtala omslagskonvolutten, må du søkje særskilt. Dette kan du gjere i eit vanleg brev eller ved å bruke eige skjema.

Søknaden må innehalde ei erklæring om at du framleis er norsk statsborgar. Søknaden må kome fram til valstyret i den kommunen der du sist var registrert i folkeregisteret som busett innan valdagen!

Valkort

Alle veljarar får tilsendt valkort. Dei som har digital postkasse mottek valkortet digitalt. Dei som har reservert seg i register over digital kontaktinformasjon og reservasjon, får valkortet i brev.

30. juni i valåret

Valkortet blir laga på grunnlag av opplysningane i folkeregisteret om bustadadressa til veljarane per 30. juni i valåret. Det er altså denne adressa som avgjer kva for kommune du har stemmerett i.

Kvifor får vi valkort?

Valkortet sin viktigaste funksjon er å minne deg på at det er val, og at du har stemmerett. 

Treng eg valkortet for å stemme? 

Du treng ikkje valkortet for å stemme. Men det hjelper valmedarbeidarane til lettare å finne deg i manntalet. 

Det viktigaste du må ha med deg for å stemme er legitimasjon - det kravet er absolutt.

Tidlegstemme

Dette er eit tilbod til veljarar som oppheld seg innanriks, og som ikkje har høve til å avgje stemme i ordinær førehandsstemmeperiode, eller på valdagen. 

I perioden 1. juli - 10. august kan ein be om å få avgje såkalla tidlegstemme. Vend deg til kommunesenteret i Stryn kommune, 3. etg. i Tonningsgata 4, innanfor perioden og be om informasjon. 

Førehandsstemme

Du kan førehandsstemme frå 10. august, til fredagen før valdagen. 

Legitimasjon

Ta alltid med legitimasjon når du skal stemme. Eksempel på godkjent legitimasjon er bankkort med bilde, førarkort (også digitalt førarkort) og pass. 

Ta gjerne med deg valkortet til vallokalet. Det er ikkje eit krav, men vil hjelpe valmedarbeidarane til å raskare finne deg i manntalet. 

Opningstider 

Alltid oppdaterte opningstider finn du på valglokaler.no

Kven kan førehandsstemme?

Alle med stemmerett kan førehandsstemme, og du treng ikkje oppgje kvifor du vil førehandsstemme. 

Kvar kan eg førehandstemme?

Du kan førehandsstemme i alle kommunane i heile landet. Stemma blir sendt med posten til den kommunen du høyrer heime i.  Du er sjølv ansvarleg for å stemme i tide slik at stemma kjem fram til Stryn kommune seinast i løpet av valdagen.

Utanriks

Førehandsstemming utanriks går føre seg ved norske utanriksstasjonar og ambassadar. 

Opningstidene kan du sjekke på valglokaler.no . Du kan også under visse omstende brevstemme. For meir informasjon brevstemme, sjå Valgforskriften (lovdata) korleis gjennomføre brevstemming .  

Ingen angrefrist 

Den som førehandsstemmer har gjort si endelege stemmegjeving. Det er ingen "angrefrist" for den som har førehandsstemt.

Førehandsstemme heime eller på institusjonar

Stemme heime?

Veljarar som er sjuke eller uføre og som av den grunn ikkje kan møte fram i stemmelokalet valdagen eller i lokalet for førehandsstemming, kan søkje valstyret om å få stemme heime (eller der dei oppheld seg). Søknadsfrist vert annonsert på nettsida vår og annonsert i lokalavisa.

Stemme på institusjonar 

Nest siste/siste veka før valet vil valmedarbeidarar frå kommuneadministrasjonen reise ut til omsorgssentera for å ta imot førehandsstemmer. Dette vert annonsert på nettsida vår og i annonse i lokalavisa.

Stemme på valdagen

På valdagen må du stemme i den kommunen der du høyrer heime, det vil seie i den kommunen der du er manntalsført. 

Vi brukar elektronisk manntal på valdagen, og difor kan du stemme i alle krinsane i Stryn kommune. 

Legitimasjon

Ta alltid med legitimasjon når du skal stemme. Døme på godkjent legitimasjon er bankkort med bilde, førarkort (også digitalt førarkort) og pass. 

Ta gjerne med deg valkortet til vallokalet, det er ikkje eit krav, men vil hjelpe valmedarbeidarane til å raskare finne deg i manntalet. 

Valstyret har fastsett lokale fristar

Frist for å trekkje seg frå valliste er 21.april.

Frist for å rette opp feil i valliste og få den i samsvar med lova er 5.mai

Frist for partia for å bestille eksemnplar av manntalet er 26.juni

Frist for å søkje om ambulerande røystegjeving er 7.september