Besøksrutinar ved Stryn og Vikane omsorgssenter

Oppdatert 21.06.2021: Bebuarane på institusjon og bemanna omsorgsbustad som ønskte vaksine mot korona, covid-19, er no ferdig vaksinerte. 

  • Du må framleis avtale besøk og tur på førehand med aktuell avdeling. Avgrensast til 2 personar.
  • Det er ønskjeleg at du avtaler besøket i god tid før du kjem.
  • Den besøkande må, i samarbeid med personalet, gjere ei risikovurdering for smitte ved besøk, og tur ut av institusjon.
  • Besøkande frå «raude» område skal nytte munnbind når dei går til og frå bebuaren sitt rom.
  • Ved akutt sjukdom/ døande kan pårørande kome på besøk heile døgnet etter avtale.
  • Besøkande skal halde 1 meter avstand til personale og andre bebuarar.

Vi oppmodar om å ta besøket på rommet eller ute når veret tillet det.

Protokoll
Det skal førast protokoll over kven som er på besøk i kvar enkelt avdeling for å kunne spore evt smitte ved utbrot av korona.

Om du i etterkant av besøk eller tur får symptom på smitte, får påvist korona eller er nærkontakt til koronasjuk person må dette snarast varslast til institusjonen.
Symptom på smitte kan vere sår hals, feber, hoste, tap av smak- og luktesans eller er uvel.

 

Stryn omsorgssenter, gjeld også Symra og Kvisten

Dørene vil framleis vere låste. Ring på dørklokka til aktuell avdeling. Personalet vil fjernopne døra.

  • Skriv inn besøket i loggbok som ligg i hallen 
  • Vask hender på besøkstoalett i hallen
  • Gå direkte til den du skal besøkje
  • Når besøket er over skal du gå direkte ut igjen
     

Vikane omsorgssenter

Ved besøk inn på institusjon ved Vikane omsorgssenter skal du vente ute og følgast av personale både inn og ut av institusjonen.
Besøkande skal utføre handvask på anvist stad før besøket (bebuar sitt rom).

Tlf sjukeavdelinga: 480 50 247

Tlf Redbakken: 480 50 916

Fhi om besøk i helse- og omsorgsinstitusjonar