Bli med på å forme framtida til reiselivet i Nordfjord

Vi har gleda av å invitere deg til presentasjon av Masterplan for Nordfjord mot 2030 - ein fleirårig strategi som dekker heile reisemålet. Denne masterplanen er eit felles styringsverktøy for reiselivet og kommunane, og har som mål å utvikle og løfte Nordfjord som attraktivt reisemål.

No er tida inne for å omsetje ord til handling. Vi skal utarbeide ein konkret handlingsplan som vil vise vegen for den vidare utviklinga av reiselivet i Nordfjord. Di deltaking er avgjerande for å sikre at vi tek dei rette grepa i framtida, og vi håpar at du vil vere med på dette viktige møtet.

Stryn kulturhus, Tingsalen

Torsdag 19. september

kl 16.00 - 20.00

 

VELKOMEN OG INNLEIING
Marita Lindvik
Reiselivsdirektør i Visit Nordfjord
 

PRESENTASJON AV MASTERPLAN
Jon B. Nesje
Kommunedirektør Stryn kommune
 

INNLEIING TIL WORKSHOP - FRÅ ORD TIL HANDLING
Marita Lindvik
Reiselivsdirektør i Visit Nordfjord

 

WORKSHOP MED VISIT NORDFJORD

  • Heile Nordfjord heile året
  • Bygge team Nordfjord
  • Koordinert cruiseinnsats