Bustadar til flyktningar

Stryn kommune tek i mot mange flyktningar gjennom året, og vi har ofte behov for fleire bustadar.

IMDI* fordeler flyktningane til kommunen, så det varierer veldig når på året flyktningane blir busett. Derfor er det fint å ha ein oversikt over tilgjengelege bustadar også privat i kommunen.

Har du ein bustad du ønskjer å leige ut til flyktningar, er det fint om du fyller ut skjemaet, så tek vi kontakt med deg om det blir aktuelt å leige.

Vi ønskjer langtidsleige på minst 1 år. Bustaden må ha brukbar standard og ein pris som flyktningar har råd til å betale. Det treng ikkje vere møblert. 

Ta kontakt med spesialkonsulent Jorge Hidalgo i Flyktningtenesta tlf 941 68 284 om du har spørsmål.

Har du ledig husvære fyll ut dette skjemaet og send inn

Takk for registreringa!
 

IMDI* Integrerings- og mangfoldsdirektoratet