Endring i søknadsbehandling: Rehabilitering av pipe/skorstein

Varsel om endring av praksis for byggesak: Søknad om rehabilitering av pipe/skorstein.

Rehabilitering av skorstein har i Stryn kommune tidlegare vore handsama etter forenkla søknad. Dette er ei ordning som heng att etter gammal plan- og bygningslov.

Rehabilitering av skorstein var tidlegare unnateke reglane om ansvar og kontroll, der kommunen ga løyve, mellombels bruksløyve og ferdigattest basert på kontroll etter brann- og eksplosjonsvernlova.

Denne ordninga er ikkje vidareført i ny lov, og vert difor no avvikla.

Montering og installasjon av nytt innvendig røykrør eller bruk av glidestøyp vert rekna som ei vesentleg endring eller ein vesentleg reparasjon, og rehabilitering av pipe er difor søknadspliktig etter plan- og bygningslova § 20-1 bokstav f), med krav om ansvarlege føretak for alle funksjonar.

I ein overgangsperiode vert det ikkje fakturert for mangelbrev ved søknad om rehabilitering av skorstein, forutsett at erklæring om ansvarsrettar og gjennomføringsplan er dei einaste manglane i søknaden.

Dette gjeld i ein overgangsperiode fram til 31.10.25.

 

Informasjon om eldstad og skorstein