Følg med i lokalpolitikken

Vi ønskjer engasjerte innbyggjarar og inviterer til medverknad og dialog. På sida politikk kan du følgje med på politiske møte direkte eller som opptak. Du finn datoar for alle planlagde møte og sakene som skal opp til behandling. Her er også oversikt over dei politiske partia, medlemmar, kven som sit i kommunestyre, formannskap, ulike råd og utval og kontaktinformasjonen til medlemmane.

Ta kontakt med eit utval

Du kan kontakte gruppeleiarar/medlemmar i ulike utval. Har du ei sak du ønskjer å påverke er det lurt å samarbeide med eit utval før saka kjem opp i formannskap/ kommunestyre. Politikarane tek gjerne imot innspel frå engasjerte innbyggjarar.

Kontakt ein politikar

Har du ei sak du ønskjer å fremme, ta kontakt med ein politikar. Du kan til dømes sende e-post til ein representant i kommunestyret. På sida Møteplan 2023 finn du oversikt over alle planlagde møter og alle politikarar i formannskap/kommunestyre med kontaktinformasjon.

Her kan du følgje sending av kommunestyre og formannskap, enten direkte eller som opptak: KommuneTV
Sendinga på KommuneTV er ikkje teksta.