Friluftslivsveka 1. - 9. september 2018

Friluftslivsveka 2018 vert større enn nokon gong, med fleire enn 1100 arrangement over heile landet. Berre i Sogn og Fjordane kan du velje mellom over 40 organiserte aktivitetar i perioden 1.-9. september. Friluftslivsveka opnar med sove-ute-aksjonen #nattinaturen laurdag 1. september, medan det søndag 9. september er Kom-deg-ut-dagen. Full oversikt over alle arrangementa finn du på friluftslivetsuke.no 

Friluftslivsveka har vore ein tradisjon kvar haust sidan 1993, og veks for kvart år, i takt med at friluftslivsinteressa i Noreg aukar. Friluftslivsveka byr på desse arrangementa i Stryn:

Laurdag 8. september:

  • Tur på  Hjellehyrna (1368 moh) arrangert av  Indre Nordfjord Turlag.
    Frammøte Buda på Folven kl. 09.30. Dette er ein tur for trena personar.

  • Folven Adventure Camp og Frisklivssentralen inviterar ungdom med interesse for stisykling til eit fire timar innføringskurs. Oppmøte kl.10.00 på Folven Camping for teknikk- og balansetrening.

 

Søndag 9. september:

  • Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Oppstryn arrangerer geologiens dag, med rebus og ulike aktivitetar som passar for heile familien frå kl. 11.00 - 15.00.

  • Kom Deg Ut-dagen er i regi av Barnas Turlag og blir arrangert ved Svingesetvatnet kl. 12.00 - 15.00. Her kan du prøve deg på fisking, kano, orienteringsløype og natursti.

Det er Norsk Friluftsliv, paraplyorganisasjonen for 17 norske friluftslivsorganisasjonar, som står bak den landsdekkande feiringa. Men arrangementa og aktivitetane som går føre seg over heile landet, er i regi av ei rekke ulike organisasjonar, friluftsråd, lokale lag og foreiningar, kommunar og privatpersonar.