Gode tilskot for å få gjødsla raskt i jorda

Nedfelling/nedlegging av husdyrgjødsla er gunstig for både klimaet, bonden og grasveksten. Gevinsten er ekstra stor ved bruk av tilførselsslange. Gode tilskot sikrar god økonomi.

Med tilskot frå regionalt miljøprogram kan det vere god økonomi i å bruke stripespreiar med slepeslange, ikkje berre på store, flate teigar. Effekten er redusert jordpakking og mindre tap av næringsstoff til luft og vassdrag.

Før du skal i gang med vårgjødslinga bør du setje seg inn i tilskotsordningane og vurdere om du vil søkje desse tilskota frå regionalt miljøprogram (RMP) i Vestland fylke.