Har andre kjøpt tømmer på rot av deg?

Tømmer som vert seld på rot skal registrerast som hogge på avgjevareigedomen, ikkje på eigedomen til den som kjøper.

Skogeigaren (seljar) skal også setje av minimum 4 % av bruttoverdien for tømmersalet på avgjevareigedomen sin skogfondkonto. Hovudregelen er at alt areal som er hogge skal tilfredsstillande foryngast innan tre år etter hogsten. Det er den som er eigar av arealet som har foryngingsplikta, sjølv om nokon andre har hogge. Å forynge betyr å sikre at det kjem opp ny skog av tilsvarande, eller betre kvalitet. Den vanlegaste foryngingsmetoden er planting. Dersom det ikkje er ynskjeleg å forynge arealet må det i alle tilfelle søkjast om fritak frå foryngingsplikta.

Søknad i fri form skal då sendast Stryn kommune, Tonningsgata 4, 6783 Stryn ev. til postmottak@stryn.kommune.no

 

Les meir om hogst, planting og forsikring