Invitasjon til å vere medarrangør for Stryn sommarskule

Vi er på jakt etter lokale aktørar som vil vere med å arrangere sommarskule 2021. I samband med nedstenginga av skular og fritidstilbod som følgje av korona, har regjeringa løyvt ekstra tilskot til Stryn kommune for å arrangere sommarskular. Dette er for elevar som har heimeadresse i Stryn kommune.

Målet med sommarskule er å gje fleire unge ein arena der dei kan delta i faglege, sosiale og kulturelle aktivitetar i sommarferien 2021, men også ei moglegheit til «fagleg påfyll»

Dette kan vere ein arena der lag og foreiningar får ei moglegheit til å vise seg fram og også auke rekrutteringa.

Kriterie for søknad
De kan søkje om støtte til å arrangere sommarskule innanfor dei kriteria som er gjevne under.

Kursa/tilboda må:

  • vere tilpassa 1. – 10.trinn i grunnskulen. Kurset treng ikkje dekkje heile målgruppa, men kan f.eks vere for 1. – 4.trinn.
  • vere ei vekes opplegg med eit program frå kl. 9.00 – 15.00.

For 8. – 10.trinn kan aktivitetane også gjennomførast på kveldstid.

  • vere lagt til vekene 25 – 32.
  • ha aktivitetar der elevane får fagleg påfyll og ikkje reine ferieaktivitetar. Dette kan inkludere kulturell, idrettsleg eller anna fagleg opplæring.
  • vere gratis for alle deltakarane.

Ønskjer de å delta send søknad til:
postmottak@stryn.kommune.no

Merk søknaden Sommarskule 2021.

Søknadsfrist fredag 7. mai

Søknaden må innehalde:

  1. Ei skisse for aktivitetar, inkludert mål for sommarskulen
  2. Total kostnadsramme (inkl. løn, utstyr o.l) det vert søkt midlar til
  3. Ønska veke/ dagar
  4. Tal plassar til elevar; minimum 10 deltakarar for å starte opp
  5. Tal vaksne/ instruktørar på aktiviteten
  6. Ev. reisekostnadar må inkluderast i søknadssummen.

Aktivitetane må tilfredsstille kommunen sine krav til politiattest for tilsette og gjeldande smittevernomsyn/-reglement. Dette kan koordinerast med kommunen.

For ev. meir informasjon ang. Sommarskule 2021, kontakt Edvard Nordang edvard.nordang@stryn.kommune.no  telefon 909 19 542.

Søknadane vert handsama av Stryn kommune innan 19. mai.