Ja til demensvennleg samfunn

Stryn kommune ønskjer å skape eit meir demensvennleg samfunn. Eit demensvennlig samfunn handlar om å inkludere personar med demens og deira pårørande. Det skal vere trygt for personar med demens å mestre aktivitetar i kvardagen og leve aktive liv så lenge som råd. 

Korleis skal vi bli meir demensvennlege her i Stryn?

Samarbeide med Nasjonalforeningen for folkehelsen

Opprette og drifte arbeidsgruppe som finn kursleiarar og arrangerer kurs

INFORMERE

Dersom alle kan litt meir om demens, vil kvardagen bli enklare for alle som er berørt
 

Eit meir demensvennleg samfunn i Stryn (PDF, 752 kB)

 

Kva kan Hukommelsesteamet hjelpe med?

  • Bistå fastlege med kartlegging av personar med hukommelsessvikt eller demens
  • Kartlegge symptom og utfordringar knytt til hukommelsesvanskar
  • Gi informasjon om demens
  • Informere om hjelpetilbod og hjelpemiddel
  • Gi råd og rettleiing om kvardagsmestring/ korleis kvardagen kan tilretteleggast
  • Arrangere pårørandeskule og samtalegrupper


Om Hukommelsesteamet i Stryn kommune