Det er gratis å delta, men krev påmelding.
Tid og stad
20. september 12:00 – 16:00
Gloppen Herradshus, kommunestyresalen
Grandavegen 9, Sandane
Program
12.00 Nordfjord Smak
Presentasjon av prosjektet, tankane bak, arbeidet som er utført og visjonar framover.
Arild Vonheim frå prosjektgruppa vil informere.
13.00 Trøndelagsmat
I Steinkjer har dei etablert seg med eigen lokalmatgrossist, eigd av medlemmane. Dei omset i dag for 22 millionar. Korleis får dei det til og kva er suksessoppskrifta? Dette vil dagleg leiar Petter Vesterås dele med oss.
14.00 Merkevarebygging
Kva er viktig for deg som lokalmatprodusent å tenke på når du bygger merkevara di? Presentert av Kai Petter Sårheim.
15.00 SoMe
Korleis blir tryggare i å bruke sosiale medium som kanal for å skape interesse rundt dine produkt og di satsing? Dina Rygg Eide vil gi deg mange gode tips.
Nordfjord Smak er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunane Stryn, Bremanger, Gloppen, Kinn nord (Vågsøy) og Stad. Hovudprosjektet vi no går inn i er eit 3-årig prosjekt som m.a. skal skape sals- og distribusjonskanalar, nettverkssamlingar, sette fokus på planting og nydyrking, utvikle lokalmatprodusentane i kommunane og etablere ressurssenter for lokalmatsatsinga i Nordfjord.