No er det enkelt å bestille eigedomsopplysingar på nett!

No vert det lettare for deg å bestille dokumenta du har behov for, akkurat når det passar deg. eTorg  er eit sjølvbetent tilbod som gjer at innbyggarar og næringsliv kan bestille produkt heile døgnet med rask levering.

eTorg er kommunane sin nettbutikk for sal av kart, eigedomsdata og byggesakstenester.
Blant produkta finn du

  • digitale kart

  • meklarpakke

  • 3D-modellar

  • nabovarsling både på papir og elektronisk

  • eigedomsinformasjon

  • eByggesøk – som er ei digital løysing for byggesøknadar

Tidlegare har enorme mengder med digital data blitt henta ut manuelt, men gjennom den nye tenesta blir no mykje automatisert. Dette er fordi vi har lagt mykje arbeid i å digitalisere kartløysing og våre eigedomsarkiv.

Sidan vi har gjort dette er det lettare for oss å tilby kortare leveringsfrist på data enn kva vi har hatt før.

 

Min Eigedom


Vi har også tenesta Min Eigedom som er ei gratis teneste for deg som bur i kommunen, der du kan finne

  • oversikt på kommunale avgifter og eigedomsskatt

  • historikk på tidlegare betalte kommunale avgifter

  • elektronisk skjema for å stille spørsmål eller melde i frå til kommunen om feil/manglar

  • grunnbok- og matrikkelopplysingar om eigedomane dine

Du treng ikkje å registrere deg. Du loggar deg enkelt inn via ID-porten og får tilgang på opplysingar om eigedomar der du er registrert som eigar. Om du har eigedomar i andre kommunar, må desse kommunane også tilby MinEigedom for at du skal få tilgang til all informasjon. Om kommunane ikkje har registrert seg, vil du likevel få tilgang til grunnbok- og matrikkelopplysingar. 

Du finn fleire sjølvbeteningstenester her

 

Du kan velje e-Torg på toppen av nettsida vår eller i mappa Sjølvbetening.