Oppstart/ gjenopning av namnesak - lokal høyring

Oppstart av namnesak 2024/205 – Gutdal/Gutdalen/Guddal. Stryn kommune.
Kartverket gjorde vedtak 13.10.2023 om skrivemåten av fleire stadnamn i Stryn, m.a. gardsnamnet Gutdal. Vedtaket vart ikkje påklaga innan fristen, men via kommunen sende fleire grunneigarar på garden seinare søknad om gjenopning av saka, jf. brev frå kommunen 12.04.2024.

Kartverket stetta søknaden, jf. svar av 31.05.2024, og saka vert difor gjenopna. 

Kartverket nyttar samstundes høvet til å ta med nokre fleire namn som dei har fått innspel om frå lokal kjentmann Reidar Holen. Saka vert teken opp for å få avklart og formalisert rett skrivemåte for offentleg bruk.

Kartverket sender med dette saka på lokal høyring i kommunen, jf. § 8 i lov om stadnamn. Saksgangen i gjenopna namnesaker er lik som for nye namnesaker. I tillegg til primærnamna tek dei avleidde namn med i saka, jf. § 8 siste ledd i forskrift om stadnamn. Det går fram av den vedlagde lista kva for namn som er med i saka.

For fleire opplysningar om namna sjå innsynsløysinga SSR

Somme bruksnamn står berre i matrikkelen og kan søkjast opp i kartverket
søk på: gnr/bnr-namnet på kommunen.
 

Lokal høyring

Kartverket har vedtaksrett for skrivemåten av m.a. naturnamn, nedervde gards- og bruksnamn, seternamn og statlege anlegg. Før Kartverket gjer vedtak har kommunen rett til å uttale seg. Eigarar og festarar har rett til å uttale seg om gardsnamn og bruksnamn, og lokale organisasjonar har rett til å uttale seg om skrivemåten av namn som dei har særleg tilknyting til. 
Saker som gjeld bruksnamn skal eigarane få tilsendt direkte frå kommunen. Det går fram av den vedlagde lista kva  bruk dette gjeld.
Etter lova skal skrivemåten fastsetjast med utgangspunkt i den nedervde, lokale uttalen av namnet. Difor bed Kartverket at alle som uttaler seg opplyser kva som er den lokale dialektuttalen. Dersom namnet vert uttalt på ulike måtar (t.d. i nemneform og i dativ), bed Kartverket om å få opplyst dei forskjellige uttaleformene.
 

Normeringsprinsipp

I tillegg til å ta utgangspunkt i den nedervde, lokale uttalen, skal ein som hovudregel fylgje gjeldande rettskrivingsprinsipp ved normering av stadnamn, jf. § 4 fyrste ledd i lov om stadnamn. Skrivemåten skal vere praktisk og ikkje skyggje for meiningsinnhaldet i namnet. I utfyllande reglar om skrivemåten av norske stadnamn er det meir detaljerte føresegner om korleis stadnamn skal normerast.
Skrivemåten av primærnamnet vil normalt vere retningsgjevande for skrivemåten av det same namnet i andre funksjonar, t.d. for adressenamn som er like eller avleidde av namnet, jf. § 4 tredje ledd i lova.
Kommunen må difor setje på vent eventuelt pågåande saker som gjeld adressenamn og adressetilleggsnamn, der dei same namna inngår, til det er gjort vedtak om skrivemåten av primærnamnet. Kommunen må ta omsyn til den vedtekne skrivemåten av primærnamnet når det skal fattast vedtak.
 

Bruksnamn

Vedtak om skrivemåten av gardsnamn skal som hovudregel vere retningsgjevande for skrivemåten av bruksnamn som er identiske med gardsnamnet, eller der gardsnamnet går inn som ein del av bruksnamnet. 
Men etter § 5, tredje ledd i lov om stadnamn, har eigaren rett til å fastsetje ein annan skrivemåte av namnet på eige bruk enn den som fylgjer av § 4 fyrste ledd i lova. Føresetnaden er at han/ho kan dokumentere at skrivemåten har vore i offentleg bruk som bruksnamn (på offentleg kart, på skilt, i matrikkelen, skøyte eller liknande). I så fall må eigaren sende krav til Kartverket og leggje ved slik dokumentasjon. Klageretten for namnet i andre funksjonar, t.d. gardsnamnet, fell då bort. 
Kartverket er formelt vedtaksorgan også for skrivemåten av bruksnamn fastsette av eigaren.


Vidare saksgang

Stryn kommune har ansvar for å hente inn og samordne dei lokale høyringssvara. 
Send høyringssvar til postmottak@stryn.kommune.no  

Høyringsfrist 20. oktober 2024.

Høyringssvara blir så sendt til Språkrådet med kopi til Kartverket. 
Språkrådet vil gje endeleg tilråding til Kartverket. 

For opplysningar om saksgang kontakt Kartverket på telefon 32 11 80 00. 
For namnefaglege spørsmål kontakt Språkrådet på telefon 22 54 19 50.