Øvre-Flo fungerande ordførar i Stryn kommune

Sonja Øvre-Flo (H) er fungerande ordførar i Stryn kommune frå måndag 22. januar til ordførar Per Kjøllesdal (Sp) er tilbake. Ordføraren er sjukmeld på ubestemt tid etter eit akuttilfelle fredag 19. januar 2024.

Ordføraren er kommunen sin fremste folkevalde, representerer kommunen og er den samlande politiske skikkelsen. Ein av dei viktigaste rollane til ordføraren er å vere bindeledd mellom folkevalde organ og administrasjon.

– Alle kan bli sjuke og det ligg ingen dramatikk i at eg overtek ordførarpliktene no, seier Sonja Øvre-Flo, eg er vald til varaordførar og er klar til å steppe inn.

– Eg arbeider med å få oversikta over møte og avtalar, og så vil dagane på ordførarkontoret gå som normalt. No er det viktig at Per tek vare på helsa si for å kome sterkt tilbake, seier Sonja Øvre-Flo.

 

Bilde av dame i kvit bluse med ordførarkjede. - Klikk for stort bileteSonja Øvre-Flo er fungerande ordførar i Stryn kommune. Stryn kommune

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Varaordførar Sonja Øvre-Flo har tlf 975 21 188.

E-post: sonja.ovre-flo@stryn.kommune.no