Gjennom faglege førelesningar, plenums- og gruppesamtalar er målsetjinga å:
- Gi pårørande auka kunnskap om demenssjukdomar
- Gi innsikt i metodar for kommunikasjon og samhandling med personar med demens
- Bidra til at pårørande får betre kjennskap til rettigheiter og aktuelle lover, og korleis ein får kontakt med hjelpeapparatet
- Tilby støtte gjennom å møte andre pårørande som er i same situasjon
Fellesskap med andre i same situasjon kan vere ei viktig støtte for pårørande. Ei landsomfattande evaluering av pårørandeskular viser at deltakarane har stor nytte av å delta på kurs. Informasjon og støtte kan redusere pårørande sine omsorgsbelastningar og føre til ein betre kvardag både for pårørande og den som er sjuk. Evaluering av tidlegare kurs i Stryn viser at pårørande vurderer at det å delta på kurset er til hjelp, støtte og fellesskap.
Kurset er lagt opp over 6 samlingar med følgjande tema:
- Kva er demenssjukdom?
- Kommunikasjon og samhandling
- Når åtferd endrar seg
- Aktivitet og mesitring. Tilbod i kommunen
- Framtidsfullmakt
- Pårørande fortel om sine erfaringar
Dersom fysisk oppmøte er vanskeleg er det mogleg å delta digitalt på den faglege forelesninga.
Praktiske opplysningar
Stad: Stryn Omsorgssenter, Buketten
Datoar: 6. mars, 13. mars, 20. mars, 27. mars, 3. og 10. april
Kl: 18:30 til 21:00
Det er mogleg å følgje foredraga digitalt dersom fysisk oppmøte er vanskeleg (gi beskjed om dette ved påmelding dersom aktuelt)
Nærare opplysningar / påmelding kontakt:
Anita Skarstein
94 82 59 79
anita.skarstein@stryn.kommune.no
Påmeldingsfrist: 27. februar
Meld deg på pårørandeskulen her
Brosjyre pårørandeskulen vår 2025 (PDF, 304 kB)
nasjonalforeningen.no – Organiserer landets demensforeninger
helsedir.no – Dokumenter om nasjonale satsningar innan demensomsorga
aldringoghelse.no – Nasjonalt kompetansesenter for aldring og helse
Arrangør: Hukommelsesteamet i Stryn