Sjekk røykvarslarane dine i dag 1. desember

1. desember er ein merkedag for brannvesenet i Norge. Det er nemleg røykvarslaren sin dag! Brannforebyggar og feiar Kolbein Fridtun har difor stand på Stryn Torg nettopp i dag.

Kolbein Fridtun - Klikk for stort bileteFeiar og brannforebyggar Kolbein Fridtun informerer om brannforebygging på Stryn Torg. Foto Stryn kommune

 

– Det er ikkje tilfeldig at det nettopp er 1. desember vi har dette fokuset. Det er snart jul og desember er ein månad med stor auke av brannar i bustadhus. Vi er meir innandørs, vi fyrer i omnen og tenner meir levande lys, seier Kolbein Fridtun.

– Alle må ha røykvarslar, og desse bør testast kvar månad, legg Fridtun til, og hugs at du må ha minst ein røykvarslar i kvar etasje. 

Informasjon om brann og feiing i Stryn kommune