Skal du frakte noko med helikopter i sommar?

Har du planer om å søkje om helikopterfrakt, gjer det gjerne allereie no. Hugs alltid å søkje om løyve seinast 14 dagar før planlagt frakt.

Klikk her for søknadsskjema og meir informasjon.

Dersom køyreoppdraget ditt ikkje har heimel etter motorferdsellova sine reglar, må du søkje dispensasjon/løyve frå kommunen. I barmarkssesongen gjeld dette bruk av luftfartøy og i vintersesongen snøscooter. Dagens dato + 14 dagar er tidlegaste dato du kan søkje løyve for.