Tilskot til kulturbygg- og arenaer 2024

Vestland fylkeskommune lyser i 2024 ut to tilskotsordningar til kulturarenaer.

 

Tilskot til kulturbygg

Dette er den tradisjonelle ordninga, finansiert med spelemidlar etter fordeling av Kulturdepartementet. Søknad blir sendt inn gjennom anleggsregisteret, og det er lokal søknadsfrist i kvar kommune. Kommunal frist i Stryn kommune er 1. april 2024.
Kommunen går så gjennom søknadene for å sjå at dei stettar krava i tilskotsordninga. 


Tilskot til kulturarenaer med regionale funksjonar

Ordninga er for kulturbygg/-arenaer med regionale funksjonar. Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering, men ikkje til vedlikehald eller drift. 

Meir informasjon: Vestland fylkeskommune: Tilskot til kulturarenaer med regionale funksjonar