Tomter ledige i Solvik frå hausten 2025

Stryn kommune opparbeider no eit bustadfelt i Solvik, Loen der 21 tomter vil bli klare hausten 2025.

Tomtene på kart - Klikk for stort bilete

Feltet Leitekvia - Solvik består av 21 tomter for frittliggjande einebustadar med høve til å innreie utleigehusvære i underetasje, fordelt på område BFS3, BFS4 og BFS5. Elles er det tre tomter for tett busetnad/ blokker med minimum 6 bueiningar innanfor kvart område (BBB1, BBB2 og BBB3).

Tomtene vert lagt ut for sal når infrastruktur som veg, vatn, avlaup og straum er ferdig opparbeidd. Estimert salsstart er august/september 2025. Det er ikkje høve til å setje seg på venteliste eller reservere tomter.

Stryn kommune vil ikkje gå ut med prisar før feltet er ferdig opparbeidd og dei endelge kostnadane er kjende.

Tomtene vil bli annonsert i Fjordingen, Stryn kommune si heimeside og Facebook når tomtene er salsklare. 
Tildeling skjer etter tomtetildelingsreglane vedtekne av kommunestyret:

Reglar for tildeling av tomter (PDF, 192 kB)

 

Reguleringsplankart, føresegner mm