UKM – Ung kultur møtast – Stryn

10. februar er det UKM i Stryn kulturhus kl. 16.00. 60 påmelde ungdomar frå 10-20 år skal syne fram kunstverk, dans, film, musikk og musikal/teater komande laurdag.

Fleire av deltakarane har førebudd seg ekstra godt til UKM i år, med røynd hjelp frå skodespelar Josefine Agathe Hove. Ho hadde ein verkstad i januar, var med på Pangstart og vert med under generalprøva på laurdag. Dette har ein fått til med tilskot av stimuleringsmidlar frå UKM Norge. 

  • – Det er kjekt å sjå ungdom, som er så engasjerte i det dei driv med, stille på år etter år. Vi har laga til fleire møteplassar i år, for at ungdom kan utvikle seg og bli tryggare i si rolle på scena, seier Ingrid Heieren Sølvberg frå UKM-komiteen
     

UKM for, med og av ungdom

Årets konferansierar er Benedikte Mannset og Niva Lunde Hallor. Begge to har god erfaring frå UKM både lokalt og på landsfestivalen i fylket. Dei har vore UKM-ambassadørar i Stryn det siste året,med ansvar for marknadsføring på skulane.

  • UKM skal vere for, med og av ungdomar. Det er heilt essensielt for vidare utvikling av UKM å samarbeide med ungdom på denne måten, seier kulturskulerektor Ingrid Schei Stuhaug, som legg til at vi håpar endå fleire ungdomar vil samarbeide om UKM neste år.

Deltakarane er med i ulike kategoriar; Sju danseinnslag, eit musikal/teater, ein film, tre musikkinnslag, fire kunstnarar med fleire kunstverk, og eit felles kunstverk frå 6. og 7. trinn på Nordsida skule. Til saman 60 ungdomar frå 10-20 år. 
 

Fagpanel

Nokre av deltakarane over 13 år blir trekt ut til å representere Stryn kommune på fylkesfestivalen i Førde i april. Fagpanelet i år er sett saman av tre lokale personar med god kompetanse innanfor musikk, dans og teater; Gudrun Bergset, Kristian Haugen og Peder Skåden.

Vel møtt i Stryn kulturhus laurdag 10. februar kl. 16.00!