VARSEL – hugs å registrere telefonnummeret ditt

Då det vart sendt ut kokevarsel forrige veke, fekk Stryn kommune fleire henvendingar frå personar og firma som ikkje hadde motteke varselet. Dette kan skuldast at personane ikkje har bustadadresse på den aktuelle staden, at eit firma er registrert i ein annan kommune, eller at det er feil eller manglar i systemet.

Døme:

Bur du utanfor sentrum? Arbeidsstaden din i Stryn sentrum kan registrere telefonnummeret og e-postadressa di, slik at du får alle varsel som gjeld arbeidsstaden.

 

Dersom du, eller arbeidsplassen din, ønskjer å få varsel, er det enklaste å registrere deg eller firmaet her:

https://stryn.kommune.no/tenester/andre-tenester/varsling-24/