Miljøretta helsevern, smittevern og folkehelse

Stryn kommune kjøper samfunnsmedisinske tenester frå eit stort kommunesamarbeid med Kinn som vertskommune. Informasjon om radonmåling

 

Miljøretta helsevern omfattar faktorane i miljøet som påverkar helsa vår direkte eller indirekte. Det kan vere:

  • inneklima

  • luft-, grunn-, og vatnforurening

  • støy og akustikk

  • internkontroll/ HMS-system

  • sikkerheit og ulykkesforebygging

  • fukt og muggsopp

  • stråling og elektromagnetiske felt

  • smittevern, blant anna legionella

  • avfall og avfallshandtering

  • luktproblem

  • sosiale miljøfaktorar

  • kommunale planprosessar

Ei rekkje forskrifter gjev nærare retningsliner om innemiljø, luftkvalitet, vatn og vassforsyning, støy, omgjevnadhygiene, førebygging av skader og ulukker m. m.

For nokre verksemder, tiltak eller aktivitet er det krav om kommunal godkjenning for å sikre ivaretaking av helsa til folk, td skular og barnehagar, holtaking- og tatoveringsverksemder. Andre har meldeplikt til kommunen, td campingplassar, frisørar, solarie-, hud-og fotpleiesalongar.

 

Stryn kommune har gjort nødvendige tiltak for å hindre høgt radonnivå i offentlege bygg. Radon er ein usynleg og luktfri gass som blir danna i berggrunnen. Einaste måte å finne radonkonsentrasjonen i ein bygning er ved å måle.

Her finn du kart over radonmålingar i Stryn kommune og korleis du kan bestille radonmåling.

 

Regelverk

Folkehelselova
Smittevernlova
Strålevernlova
Tobakkskadelova
Forskrift om miljøretta helsevern
Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular
Forskrift for badeanlegg, bassengbad og badstove m.v.
Forskrift om hygienekrav for frisør-, hudpleie-, tatoverings- og holtakingsverksemd m.v.
Drikkevatnsforskrifta
Strålevernforskrifta
Skadedyrforskrifta


(Kvart punkt inneheld link til lovverket i www.lovdata.no )
 

Artikkelliste