Budsjett – Handlingsdel med økonomiplan

Kvart år utarbeider kommunedirektøren framlegg til budsjett for det komande året. Det blir også laga ein rettleiande økonomiplan for dei neste fire åra og ein handlingsdel. Kommunedirektøren sitt framlegg går til politisk handsaming. Formannskapet kjem med sitt  framlegg for kommunestyret, som gjer det endelege budsjettvedtaket.

Handlingsdelen konkretiserer mål og tiltak knytt til målsetjinga, satsingsområda og strategiar i samfunnsdelen. Handlingsdelen gjer ei prioritering av kva vi bør få utført gjennom økonomiplanen. Den økonomiske ramma avgjer kva vi kan få utført.

Økonomiplanen går over 4 år og omfattar også årsbudsjettet, som er ein detaljplan over den kommunale drifta og investeringar det komande året. Det er det første året i økonomiplanperioden som er det rettsleg bindande budsjettet for komande år. Dei andre åra i perioden er rettleiande.

14. desember 2021 gjorde kommunestyret sitt budsjettvedtak.

Stryn formannskap handsama 29. november 2021 framlegg til handlings- og økonomiplan og budsjett.

Komande veke startar politisk handsaming av kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett og økonomiplan for 2022 -2025

Kommunestyret sitt vedtak knytt til den kommunale drifta og midlar til tiltak vart vedteke 19.desember 2020