Stryn kommune

Budsjett – Handlingsdel med økonomiplan

Kvart år utarbeider kommunedirektøren framlegg til budsjett for det komande året. Det blir også laga ein rettleiande økonomiplan for dei neste fire åra og ein handlingsdel. Kommunedirektøren sitt framlegg går til politisk handsaming. Formannskapet kjem med sitt  framlegg for kommunestyret, som gjer det endelege budsjettvedtaket.

Handlingsdelen konkretiserer mål og tiltak knytt til målsetjinga, satsingsområda og strategiar i samfunnsdelen. Handlingsdelen gjer ei prioritering av kva vi bør få utført gjennom økonomiplanen. Den økonomiske ramma avgjer kva vi kan få utført.

Økonomiplanen går over 4 år og omfattar også årsbudsjettet, som er ein detaljplan over den kommunale drifta og investeringar det komande året. Det er det første året i økonomiplanperioden som er det rettsleg bindande budsjettet for komande år. Dei andre åra i perioden er rettleiande.

FAGRE STRYN 2.0

Kommuneplanen sin samfunnsdel 2024-2035 er vedteken.

Vil du vere med å påverke?

Følg med på kva som skjer i kommunen og lokaldemokratiet. Sei meininga di om planar, følg med på prosjekt og saker som er viktige for deg.

Siste nytt

  • Tilskot ved produksjonssvikt
    Føretak med store avlingstap grunna klima kan søke om tilskot ved produksjonssvikt innan 31. oktober. Søknadsfristen er endeleg.
  • Produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket
    Produksjonstilskot og avløysartilskot er viktige tilskotsordningar for jordbruksføretak med husdyr- og/eller planteproduksjon. Tilskota skal bidra til eit aktivt og berekraftig jordbruk.
  • Sikre deg Strynesoga – ta vare på historia vår
    Strynesoga er eit viktig kulturhistorisk verk som fortel historia om gardar, slekter og menneske i Stryn kommune. Ved å kjøpe bygdebøkene får du ikkje berre eit verdifullt oppslagsverk – du bidreg også til at arbeidet med dei neste binda kan halde...