Kommuneplanen - samfunnsdel
Kommuneplanen er det overordna styringsdokumentet og skal vere førande for utviklinga i kommunen. Kommuneplanen består av ein samfunnsdel og ein arealdel. Kommuneplanen blir utarbeidd i tråd med plan- og bygningslova kapittel 11.
Samfunnsdelen legg føringar for all planlegging som skal føregå i kommunen dei komande åra, og syner ønska retning på utviklinga i Stryn kommune. Samfunnsdelen består av mål for samfunnet som heilskap, mål for kommunen som organisasjon og ein arealstrategi som syner dei overordna prinsippa for framtidig arealutvikling.
Fagre Stryn 2.0 samfunnsdelen som pdf-fil (PDF, 5 MB)
Fagre Stryn 2.0 samfunnsdelen i Framsikt

Innspel til samfunnsdelen
Innspel frå innbyggarane i kommunen er det viktigaste verktøyet vi har når vi skal arbeide med samfunnsdelen. 1.-30. april var det medverknadsprosess, og vi fekk inn mange gode innspel! Vi hadde framtidsmøte for innbyggarane i bygdene våre, digital spørjeundersøking og innspelsportal, møte med næringslivet, og jobba mot barn og unge. Vi driv framleis å arbeider med innspela, og dei som er klare kan du sjå under:
Administrativt kunnskapsgrunnlag
Før medverknadsprosessen vart det utarbeidd eit kunnskapsgrunnlag frå kommuneadministrasjonen. Dette tok for seg utfordringar og moglegheiter for framtida frå administrativt synspunkt, og skal også vere eit verktøy for politikarane når samfunnsdelen skal utarbeidast.
Sjå kunnskapsgrunnlaget her (PDF, 14 MB)
Sist endra 28.11.2024 09.43