Stryn kommune har ansvaret for grunnskuleopplæringa i kommunen. I Stryn kommune er det 7 grunnskular.
Stryn har eit desentralisert skulemønster med fleire små skular. I Stryn sentrum ligg ein barneskule og ein ungdomsskule.
I Olden er der ein skule med 1. - 10. klasse. Ungdomstrinnet ved Olden skule samlar elevar frå skulane i Loen, Vikane og Olden.
Dei fire andre barneskulane ligg i bygdene Blaksæter, Hjelledalen, Loen og Innvik.
Tre skular er samlokalisert med barnehage. Det vil seie at skule og barnehage er samla, og med felles leiing.
Seks av skulane har skulefritidsordning.
Elevtalet i kommunen er 898 elevar.
Timetal pr veke: 1-2 klasse 21 timar,, 3.-4 klasse 27 timar, 5.-10.klasse 30 timar
Stryn kommune har mellom anna som mål:
- at alle elevar og barn skal få god opplæring ut frå eigne føresetnadar
- at alle elevar og barn skal ha eit godt læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing, vald og truslar
- at elevar og barn med minoritetsspråkleg bakgrunn skal få god integrering
- at alle elevar og barn skal vere fysisk aktive
Skulane ligg under kommunalsjef oppvekst sitt ansvarsområde.
Byte av skule
Elevpermisjon – Føring av fråvær i grunnskulen
Informasjon om retten til opplæring i samisk (PDF, 209 kB)
Registreringsskjema for ønske om opplæring i samisk (PDF, 131 kB)