Elevpermisjon – Føring av fråvær i grunnskulen

Søknad om elevpermisjon i grunnskulen


Om eleven skal ha fri frå skulen skal føresette søkje om permisjon for eleven.

Om det er eit kort fråvær på 1 – 3 dagar kan kontaktlærar gje eleven fri etter melding/ søknad frå føresette. Utover dette er det rektor som gjev fri etter søknad i inntil to veker.

Det er eit vilkår at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute.

Saksgang ved søknad om permisjon:

Føresette søkjer om permisjon på eige skjema:

  1. Permisjon i inntil 2 veker/ 10 skuledagar.

  2. Permisjon i meir enn 2 veker/ eleven må utskrivast av grunnskulen.

Rektor handsamar saka med administrativt vedtak og sender ut til søkjar.

Permisjonssøknad skal leverast til skolen.

Skjema for å søkje elevpermisjon i inntil 14 dagar (PDF, 89 kB)

Skjema for å søkje elevpermisjon over 14 dagar (PDF, 13 kB)

Heimel: Opplæringslova §§ 2-1, 2-11.

 

 

Søknad om at fråvær ikkje vert ført på vitnemålet

Frå og med 8. årstrinnet skal alt fråvær førast på vitnemålet.

Eleven eller foreldra kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet. Dette gjeld berre når eleven har lagt fram dokumentasjon på årsaka til fråværet.

Dersom det er mogleg, skal eleven leggje fram dokumentasjon av fråværet frå opplæringa på førehand.

For inntil 10 skuledagar i eit opplæringsår, kan eleven krevje at følgjande fråvær ikkje vert ført på vitnemålet:

a)

dokumentert fråvær som skyldast helsegrunnar

 

b)

innvilga permisjon etter opplæringslova § 2-11.

For at fråvær som skyldast helsegrunnar etter bokstav a ikkje skal førast på vitnemålet, må eleven leggje fram ei legeerklæring som dokumenterer dette. Fråvær som skyldast helsegrunnar må vare meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvær etter bokstav a på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første fråværsdag.

For at fråvær som er etter innvilga permisjon etter bokstav b ikkje skal førast på vitnemålet, må det vere søkt om, og innvilga permisjon på førehand.

Heimel: Opplæringslova § 3-41.

Skjema for stryking av fråvær, må leverast kontaktlærar før 10. juni (PDF, 40 kB)