Byte av skule

Grunnskuleelevane har rett til å gå på den skulen som ligg nærast eller ved den skulen i nærmiljøet som dei soknar til. Kommunen kan gi forskrifter om kva for skule dei ulike områda i kommunen soknar til.

Stryn kommune brukar prinsippet om at elevar skal gå på nærmiljøskulen.

Etter søknad kan eleven takast inn på annan skule enn den eleven soknar til.

Saksgang ved søknad om bytte av skule:

  1. Føresette sender ein skriftleg søknad til skule- og kulturetaten
  2. Skule- og kulturetaten får innspel frå skulane
  3. Eventuelt innhente uttale frå PPT
  4. Administrativt vedtak/ vedtak i skule- og kuturutvalet

Ein elev kan i særlege tilfelle flyttast til ein annan skule enn den skulen eleven har rett til å gå på etter første ledd, dersom omsynet til dei andre elevane tilseier det. Grunnen til at ein elev kan flyttast, kan til dømes vere at eleven mobbar ein eller fleire medelevar. Før det blir gjort vedtak om å flytte ein elev, skal ein ha prøvd andre tiltak.

 

Heimel: Opplæringslova§ 8-1.Skolen