Flyktningtenesta

Flyktningtenesta i Stryn har ansvar for busetting og oppfølging av flyktningar som kjem til kommunen etter avtale med Integrerings – og mangfoldsdirektoratet (IMDi).

Busettingsarbeidet vert styrt av kommunestyrevedtak, men oppmoding om busetting kjem frå IMDi som ber kommunen busette eit gitt antal flyktningar kvart år.

Flyktningtenesta har ansvaret for busetting, introduksjonsprogram og koordinering av det kommunale tilbodet. Dei ulike etatane og faginstansane i kommunen har same ansvar for flyktningar som for andre innbyggjarar i kommunen.

Flyktningtenesta arbeider tverrfagleg og har blant anna tett samarbeid med Stryn Vaksenopplæring og NAV. Det er vaksenopplæringa som har ansvar for undervisning i norsk og samfunnskunnskap.


Flyktningar busett i Stryn

Majoriteten av flyktningar som vert busett i kommunen kjem frå eit mottak ein stad i landet, men i den seinare tida har vi også teke imot ein del overføringsflyktningar. I tillegg kjem dei som har fått familiegjenforening.

Stryn kommune starta med organisert mottak av flyktningar i 1987. Det kommunale mottaket av flyktningar har gått i bølgjer, der nokre årstal har merka seg ut med eit stort antal flyktningar frå eitt land eller ei etnisk gruppe. Opp gjennom åra har Stryn busett flyktningar frå hovudsakleg Sri Lanka, tidlegare Jugoslavia, Chile, Somalia, Armenia, Russland, Tsjetjenia, Irak, Iran, Afghanistan, Angola, Burundi, Eritrea, Etiopia, Sudan og no dei siste åra frå Syria.

Flyktningtesta

Ønskjer du å bidra til integrering av flyktningar?

Flyktningar er ein positiv ressurs for kommunen, og flyktningtenesta ønskjer at rask og god busetjing skal vere grunnlaget for eit aktivt liv i trygge omgjevnadar. Saman kan vi skape gode møteplassar og aktivitetar, og arbeide for å gje nye innbyggjarar ein velkomst som igjen fører til at dei vil trivast og ønskjer å vere stryningar som bidreg aktivt i lokalsamfunnet.

  • Representerer du ein organisasjon som ønskjer å rekruttere nye medlemmar?
  • Arrangerer du dugnad og treng ei hand eller to?
  • Er du arbeidsgjevar som ønskjer å tilby språkpraksis eller arbeidspraksis?
  • Vil du bli kjent med nye menneske på språkkafe, mannsgruppe eller kvinnegruppe?
  • Ønskjer du å bidra på andre måtar? Har du andre idear?

Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt med flyktningtenesta om du har lyst til å bidra i integreringsarbeidet i kommunen. Vi treng alle – unge og eldre, kvinner og menn!

 

Handlingsplan for busetting av flyktningar i Stryn kommune 2017 - 2021 (PDF, 2 MB)

Kontakt

Flyktningtenesta
Telefon 57 87 47 91
Mobil 941 68 284

Adresse:
Tonningsgata 4,
6783 Stryn