Kulturmidlar

Vi har fire kategoriar for søknad om kulturmidlar: 

  • Driftstilskot 
  • Særskilde tiltak
  • Tilskot til lokale kulturbygg
  • Tilskot til aktivitet for ungdom

Søknadsfristen for alle kategoriar er 15. mars.  Særskilde tiltak vert lyst ut med frist 15. mars og 15. september. 

 

Retningsliner for kulturmidlar (PDF, 163 kB) (PDF, 155 kB)

 

Ein kan søkje tilskot til oppstart av organisasjon/aktivitet. Organisasjonen må ha betalande medlemmer og ha valt eit styret. Tilskotet kan søkjast om ein gong, og er avgrensa opp til kr 5 000,-. Søknadsfrist er 15. mars og 15. september.

 

Målet med kulturmidlane er:
•    Ei ålmenn opprioritering av kulturarbeidet i kommunen 
•    Å stimulere utviklinga av eit variert og aktivt miljø
•    Å skape aktivitetar og tiltak i heile kommunen
 

Driftstilskot
Du kan søkje om kommunal støtte til drift av laget. For å kunne søkje må laget ha eit styre, betalande medlemmar og føre eige rekneskap. Søkjer du både om driftsstøtte og om støtte til eit særskilt tiltak må du fylle ut eit skjema for kvart føremål. Hovudlaget skal stå som søkjar (ikkje grupper e. l. i laget). Les retningsliner for kulturmidlar under for meir informasjon.

Særskilde tiltak
Du kan søkje tilskot til gjennomføring av eit særskilt tiltak som ikkje kjem innunder vanleg lagsrutine og som ikkje kjem innunder retningsliner for driftstilskot. Døme er konsertar, kulturdagar, utstilling, bokutgjeving eller andre som vert sett på som verdfulle for det lokale kulturliv. Det er krav om budsjett og finansieringsplan.

Ønskjer du å søkje tilskot til fleire tiltak, må du fylle ut eit skjema for kvart tiltak. Det same gjeld om du vil søkje både om driftstilskot og om støtte til eit særskilt tiltak. Kulturavdelinga må innan 1. desember få melding om at tiltaket er starta/gjennomført. 

Tilskot til lokale kulturbygg
Du kan søkje tilskot til vedlikehald og restaurering av bygningar, grendahus og lokale som vert nytta til kulturaktivitet. Det blir sett som eit krav at verneverdige bygningar blir restaurert etter antikvariske retningsliner.
Søkjarar som treng kommunale midlar for å kome i posisjon til å løyse ut statlege tilskot til kulturbygg/lokale vert prioritert.
 

Du må søkje om tilskot til arbeidet før det er sett i gong. Eventuelt tilskot skal utbetalast det året tilskotet vert gjeve. Kulturavdelinga må innan 1. desember få melding om at arbeidet er starta opp/sluttført.

Tilskot til aktivitet for ungdom
Du kan søkje tilskot til ungdomsaktivitet. Aktiviteten må vere i Stryn kommune og ha ungdomsmedverknad. Aktiviteten kan vere nystarta eller ei vidareføring av allereie etablert aktivitet. Søknaden skal fyllast ut på eige skjema og det skal leggjast ved eit budsjett med finansieringsplan. Stryn ungdomsråd er høyringsinstans til desse midlane.

Ved spørsmål om kulturmidlar, ta kontakt med avdelingsleiar for kultur. 

Retningsliner for kulturmidlar (PDF, 163 kB) (PDF, 155 kB)