Tilskotsordningar - skogeigarar

Skogeigarar kan søke tilskot til skogkultur (planting, ungskogpleie, markriving o.a.), vegbygging, drift i vanskelege terreng, miljøtiltak i skog, utdrift av skogsvirke til bioenergi (GROT), og andre tiltak som aukar aktivitet og ressursutnytting i og frå skogen.

Skogeigarar som har meir enn ti dekar produktiv skog kan søkje. Minstegrensa på ti dekar gjeld ikkje dersom tiltaket er eit samarbeid mellom fleire eigedomar, eller ved søknad om tilskot til utdrift av skogsvirke til bioenergi eller andre tiltak som aukar aktivitet og ressursutnytting i og frå skogen og ikkje fell under andre tilskotsordningar.

Meir informasjon om tilskot til vegbygging finn du under Landbruksvegar og tilskot til planting under Hogst, planting og forsikring.

 

Skjema

Ordningar for skogbruk

Forskrift om nærings- og miljøtiltak i skogbruket

Tiltaksstrategi for nærings- og miljøtiltak i skogbruket 2023-2026 (PDF, 2 MB)

Overordna retningsliner for tilskot til skogsvegar, driftstilskot og tynning i skogbruket i SFJ

Artikkelliste