Varsel om oppstart av planarbeid i Lodalen

Stryn kommune varslar med dette oppstart av planarbeid for Lodalen. Planarbeidet er eit grunnlag for ein framtidig kommunedelplan.

Arbeidet vil i hovudsak omfatte avklaring av utbyggingsområde og planlegging av infrastruktur, med fokus på klimavenlege løysingar. Kommunen ber grunneigarar, næringsdrivande eller andre med interesser for Lodalen om innspel for ønska utviklingstiltak.

Gje innspelet ditt ved å fylle ut: Svarskjema for innspel til planarbeid for Lodalen.
Svarfrist søndag 21. februar 2021.

I tråd med Stryn kommune sin budsjett- og økonomiplan for 2021-2024 skal berekraftsmåla vere ein del av det overordna rammeverket for samfunnsutviklinga i Lodalen. Mål 13, om å stoppe klimaendringane, vil vere spesielt aktuelt i planarbeidet.   

Send spørsmål til planarbeidet eller tiltak i området til:

Sonja H. Servan
Miljøvernkoordinator
Tlf. 57 87 47 16
sonja.servan@stryn.kommune.no