Dersom du ønskjer å dele frå ein del av eigedomen din slik at denne delen får eige gards- og bruksnummer, må du søkje kommunen om løyve til deling av eigedom.
Om det gjeld overføring av areal mellom to eigedomar, sjå grensejustering eller arealoverføring
Det er eigar av eigedomen som kan søkje om deling av eigedomen.
Dersom du signerer søknaden på vegne av eigar, må du legge ved fullmakt frå grunneigar. Fullmakta må vere i original eller stadfesta rett kopi.
Ved deling av eigedom må du betale gebyr både for handsaming av søknaden etter plan- og bygningslova, matrikkellova og i nokre høve også etter jordlova. I tillegg kjem tinglysingsgebyr på 545 kroner per dokument som vert tinglyst.
| Gebyr etter matrikkellova |
| Grunngebyr, søknad: | 1 340 kr |
| Oppretting grunneigedom | 13 400 kr |
| Oppmåling i marka – oppmøtegebyr | 4 020 kroner |
| Oppmåling i marka – grensepunkt | 670 kr/pkt |
| Gebyr etter plan- og bygningslova |
| Søknad om deling av grunneigedom | 4760 kroner |
Gebyr for handsaming av dispensasjonssøknad kjem i tillegg.
| Gebyr etter jordlova |
| Deling etter jordlova | 2 000 kroner |
Slik søkjer du:
Send nabovarsel
Du kan bruke skjema for nabovarsel frå Direktoratet for byggkvalitet. Naboane skal ha kopi av søknaden og vedlegga du sender til kommunen.
Fristen for å kome med merknadar til nabovarselet må vere gått ut før du kan sende inn søknadsskjemaet til handsaming. Utfylt gjenpart av nabovarselet med kvittering skal leggast ved søknaden.
«Klikk her for å søkje» bruk skjemaet
«Rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring for søknadspliktige tiltak etter plan- og bygningsloven og annet tilsvarande lovverk»
Legg ved eit kart som viser kva som skal frådelast
Gjenpart med kvittering for nabovarsel
Grunngjeving av dispensasjonssøknad dersom delinga er i strid med gjeldande planar
Kva skjer vidare?
Etter at kommunen har gjeve løyve til deling av eigedomen, vert det halde oppmålingsforretning med møte i marka. Alle involverte partar får skriftleg varsel seinast 14 dagar før oppmålingsforretninga. På oppmålingsforretninga vert eksisterande grenser klarlagt og nye grenseliner påvist og merka. Dei nye eigedomsgrensene vert ført i matrikkelen, saka vert tinglyst og du får tilsendt matrikkelbrev for eigedomen.
Etter at parsellen er frådelt og har fått sitt eige gards- og bruksnummer, er det eigar av avgjevareigedomen som står som eigar av den nye eigedomen også. Dersom du ønskjer å føre over den nye eigedomen til ein annan, må du fylle ut eit skøyte. Skøyte til utfylling finn du her. Les meir om å tinglyse eit eigarskifte hos Kartverket.
Gjeldande lovverk
Matrikkellova
Matrikkelforskrifta
Plan- og bygningslova
Jordlova