Reguleringsplanar er laga på grunnlag av plan- og bygningslova kapittel 12 (§§12-1 til 12-15):
Plan- og bygningslova kapittel 12
Gjeldande reguleringsplanar og planframlegg som ligg ute til offentleg ettersyn, kan du finne i kommunen si kartløysing.
Planprosess
Høyringsprosessar for eit planframlegg er delt i tre fasar:
-
Varsel om oppstart
-
Melding om offentleg ettersyn
-
Kunngjering om eigengodkjenning
Når eit planframlegg vert lagt ut i ein høyringsfase kan du også finne relaterte plandokument til desse fasane under linken høyringar.
Private reguleringsplanar
For private planframlegg så viser kommunen til forskrift om handsaming av private framlegg til detaljregulering etter plan- og bygningslova:
Forskrift om behandling av private forslag til detaljregulering etter plan- og bygningsloven
Reguleringsplaner
Kva kostar det?
Dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel (PBL § 19-2) |
Kr 2 745,00 |
Dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel som krev høyring (PBL § 19-2) |
Kr 5 380,00 |
Vedtak om oppstart av reguleringsplanarbeid (PBL § 12-8) |
Kr 5 460,00 |
Mindre endring av reguleringsplan (PBL § 12-14) |
Kr 5 460,00 |
Endring og oppheving av reguleringsplan (PBL § 12-14) |
Kr 5 460,00 |
Områderegulering og detaljregulering (PBL §§ 12-2 og 12-3) |
Kr 5 460,00 |
I tillegg arealgebyr: inntil 5000 m² |
Kr 7 290,00 |
Frå 5001 - 10000 m² |
Kr 12 755,00 |
Over 10000 m² (maks arealgebyr) |
Kr 21 885,00 |
Generell planinformasjon
Dersom du er ute etter meir generell informasjon om planlegging, så viser kommunen mellom anna til regjeringa sine nettsider. Der finn du til dømes rettleiarar om planlegging etter plan- og bygningslova, kart- og planforskrifta, forskrift om konsekvensutgreiing, teiknereglar, nasjonal produktspesifikasjon for arealplan og digitalt planregister og mykje meir.