Veglys og drift av desseLytt til tekstenStopp avspillingDet har vore ulike ordningar med driftinga av kommunale veglys opp gjennom tidene. Dei seinare åra har ein også skifta ut gamle lyspærer som ikkje er lovlege å bruke lenger, til LED-lyspærer med mindre straumforbruk og lenger levetid. Samtidig har ein også knytta saman ein del veglyskretsar til større og meir samanhengande strekningar.App for gatelys Dokflyt AS Meld feil på gatelys her Stryn kommune har rammeavtale med Eviny Solutions om drift av det kommunale veglysnettet.I dag er dei fleste veglysstrekningane knytte opp mot styringsskåp, der ein via nettet kan gjere endringar og avlesing av straumforbruket. Desse veglyskretsane har lyset avslått om natta frå kl. 24.00 til kl. 06.00 på kvardagar og kl. 03.00-06.00 natt til laurdag og søndag.Der veglyskretsane ikkje har eigen målar, vert lyset sett på av fotocelle når det vert mørkt og slege av når det vert lyst.Vegen Rognehaugen i Stryn sentrum har veglyset på heile natta, då dette ligg i område ved Stryn vidaregåande skule, taxisentralen, politistasjonen, kulturhuset og omsorgssenteret.Statens vegvesen eig og driftar veglyset langs riksveg 15, og der fylkesvegar har adskilt gang- og sykkelveg.Kva gjer eg dersom det er feil på gatelys?Stryn kommune ønskjer tilbakemelding frå publikum dersom veglyspunkt ikkje fungerer som dei skal. Det er oppretta ein eigen feilmeldingsportal der ein enkelt kan velje lyspunkt og melde feilen inn til oss. Av kostnadsmessige omsyn vert reparasjonsarbeid samla, so nokre punkt kan stå mørke ei tid. Kritiske punkt (t.d. ved fotgjengarovergangar) vert prioritert og reparert så snart det let seg gjere.I portalen er kommunale lys som kan meldast feil på merka med gul farge. Grå punkt er ikkje drifta av kommunen og kan ikkje meldast feil på i portalen. Raude punkt har allereie registrert feil.For å melde inn feil på veglys kan du klikke på boksen i toppen av denne artikkelen.Det er og mogleg å melde inn feil via telefon. Ring då vårt hovudnummer, 57 87 47 00. Sist endra 08.01.2024 09.22
Stryn mot 2035 Har du tenkt på korleis samfunnet i Stryn skal vere i framtida? Som innbyggjar får du no moglegheita til å påverke samfunnsdelen av den nye kommunepla...
Formannskapsmøte 7. mars Torsdag 7. mars skal Stryn formannskap ha møte i Tingsalen, Stryn kulturhus med møtestart kl. 12.00. Det blir direktesending frå møtet på KommuneTV.
Kven fortener Klima- og miljøprisen for landbruk på Vestlandet? Til klima- og miljøprisen for landbruket kan du nominere nokon som har gjort ein ekstra innsats anten det siste året eller over tid, ved å formidle el...
Detaljregulering for fylkesveg 60 Storelva bru Detaljregulering for Fv 60 Storelva bru, Utvik er eigengodkjent. Saka vart vedteken av Stryn kommunestyre 15. februar, i sak KS-009/24.
Mykje anleggsaktivitet i Loen-Solvik Prosjektet er eit samarbeid mellom kommunen og Vestland fylkeskommune. Fylkeskommunen står for bygging av gang- og sykkelvegen (GSV) frå Loen Skylift ...
Tilskot til tiltak i beiteområde Formålet med tilskotet er å legge til rette for best muleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremje fellestiltak i b...
Er du pårørande eller nær venn av ein person med demens? MELD DEG PÅ PÅRØRANDESKULEN! Påmeldingsfrist: 21. mars.
Periodevis stengd veg i Lodalen fredag 16. februar kl 09-14 Det blir litt graving og utjamning av vegen ved Sande camping i Lodalen fredag 16. februar kl 09.00 og 14.00.
Kommunestyremøte torsdag 15. februar Torsdag 15. februar er det møte i Stryn kommunestyre i Tingsalen, Stryn kulturhus kl. 11.00.
Ukm Stryn 2024 Det var eit forrykande show vi fekk servert i Stryn kulturhus laurdag ettermiddag. 60 deltakarar bidrog med musikk, kunst, musikal, dans, film, progra...