ALLE MED-dugnad og Kulturstove

25. april arrangerte Stryn kommune ALLEMED-dugnad. Over 70 engasjerte personar frå frivilligheit, kommune og næringsliv møtte opp for å kome med løysingar for å inkludere alle barn og unge i fritidsaktivitet.

Løysingane med flest stemmer var:

1. Fleire opne møteplassar for barn og unge

2. Tilflyttarteneste

3. Løfte eksisterande støtteordningar

Kommunen har eit overordna ansvar for å følgje opp løysingane og dei som tok på seg ansvaret for løysingane, og vil fortsette med det utover hausten. Eit av tiltaka som er ei oppfølging etter dugnaden er Kulturstove – ein open møteplass i kulturhuset etter skuletid for 4. - 7. trinn.

Kulturhuset vil, med støtte av midlar frå Barne- og familiedirektoratet, skape ein open møteplass for 4.-7. trinn etter skuletid annankvar torsdag i kulturhuset. Møteplassen vil vere open frå kl 14.30-17.00. Den opne møteplassen vil heite Kulturstove for å bygge på kommunedelplan for kultur sine mål om at kulturhuset skal vere Stryn si storstove. Utover spel, mat og diverse andre aktivitetar ønskjer vi at den opne møteplassen blir fylt med spennande, og gjerne kulturelle og kreative aktivitetar for målgruppa.

Vi inviterer frivilligheita til å vere med, med det de er gode på!

Dette er eit høve til å vise fram aktiviteten og rekruttere nye medlemmar og deltakarar til dykkar aktivitet. Ein aktivitet kan til dømes vere frå kl 16 til 17. Døme på aktivitetar kan vere kunstverkstad, spikking, sykurs, gaming, baking, fotokurs, konsert, dansekurs eller oppvising av anna slag. Vi er opne for alle forslag til aktivitetar som kan treffe målgruppa, og det treng ikkje vere eit stort opplegg.
Stryn kommune vil dekke eventuelle utlegg de har til aktiviteten etter nærare avtale. Aktiviteten skal vere mogleg å vere med på utan påmelding.

Er du interessert i å høyre meir om, eller vere med på prosjektet?
Ta gjerne kontakt med Ingrid Heieren Sølvberg
Ingrid.Heieren@stryn.kommune.no
ved kulturkontoret 

 

Bilde av plakaten - Klikk for stort bilete