Auka turisttrafikk - betre infrastruktur

Stryn kommune ser no på midlertidige løysingar for resten av årets turistsesong, og er i forhandlingar med potensielle leverandørar for å avhjelpe situasjonen i Olden, når det gjeld toalett og renovasjon.

Kommunen ser at den auka turiststraumen til Olden medfører nødvendige infrastrukturtiltak og ønskjer at turistar og fastbuande skal få ei god oppleving. Kommunen er oppteken av at besøkande skal reise frå Stryn med ei god kjensle. Stryn kommune vil jobbe vidare, i samarbeid med Olden, for å utarbeide meir permanente løysingar for neste års sesong. 

Stryn kommune er ei stor turistkommune og vil ilag med samarbeidspartnarar finne dei gode løysingane for åra framover. Vi vil i løpet av dei neste vekene og månadane vurdere dei andre delane av kommunen, og det vil bli gjennomført ulike dialogmøter lokalt for å finne dei beste løysingane for den framtidige veksten i turistnæringa.

Stryn kommune ønskjer ei fellesskapstenking og at alle aktørar som er i bransjen skal samarbeide om å finne så optimale løysingar som mogleg.