Beredskap ved stengd veg i Lodalen, Oldedalen og Flo

Frå onsdag ettermiddag 23. februar har Stryn kommune aktivert beredskap i samarbeid med Stryn Røde kors og Olden Raude kross.

 

FV 5723 Loen - Bødal: Nattestengt frå kl 18:00 mellom Sande og Bødal grunna fare for snøskred. Ny vurdering torsdag 24.02.22 kl 10.00.

FV 5724 Olden - Briksdal: Open for fri ferdsel torsdag kl. 09.00. 

Stryn røde Kors har beredskapen i Lodalen, Olden Raude kross har beredskapen i Oldedalen. På begge stader har hjelpekorpsa båt i beredskap, i tillfelle det skulle oppstå ein situasjon der helikoptertransport ikkje er mogleg.

FV 5722 Sunde - Flo: Nattestengt mellom Veslebygda og Flo frå kl 18:00 grunna fare for snøskred. Ny vurdering torsdag 24.02.22 kl 10.00.  Ved akuttt naud kan naudetatane køyre gjennom den nye tunnelen.

 

Snøskredvarsel for Indre Fjordane