Campingplass, fritidsreiser og serveringsstader. Anbefaling frå kommuneoverlegen i Stryn

Den 12. mars innførte regjeringa inngripande tiltak som førte til stenging av samfunnet og mange av dei tilboda som er ein del av kvardagen vår. Stenginga vart gjort for å få kontroll over epidemien med koronavirus. Tiltaka har hatt god effekt og frå slutten av mars har det vore kraftig utflating i talet på nysmitta og innleggingar på sjukehus.

Tida framover - den viktige fasen

Vi går no inn i ein ny og viktig fase i handteringa av koronavirus. Vi skal gradvis få normale samfunnsfunksjonar i gang igjen så langt det let seg gjere. Ein byrjar då med dei funksjonane som gir minst risiko for auka smittespreiing i lokalmiljøa og som samstundes er viktige for eigne målgrupper og andre samfunnsfunksjonar. Barnehagane vert opna frå 20. april og småskulen frå 27. april.

Fritidsreiser

Kampen mot korona-viruset er på ingen måte over, sjølv om situasjonen i regionen er god for tida. Det er dirfor viktig og nødvendig at opninga av samfunnet går gradvis. Framleis gjeld regjeringa si oppfordring om å unngå unødvendige fritidsreiser.

Campingnæringa

Næringa skal ha stor takk for godt samarbeid. Dette gode samarbeidet må vi legge vekt på å vidareføre. Det har naturleg nok kome spørsmål rundt korleis campingplassane i Stryn skal legge opp drifta framover. 

Kommnuneoverlegen si anbefaling til drift av campingplassane i den næraste tida, blir sendt ut til campingplassane via Visit Nordfjord og publisert her. Kommuneoverlegen må følgje situasjonen og gjere vurderingar, alt etter korleis smittesituasjonen utviklar seg framover. Dersom omsynet til smittevern krev det, vil kommuneoverlegen lage eit formelt vedtak for drift av campinplassar.
 

Kommuneoverlegen si klare anbefaling for drift av campingplassar i Stryn kommune:

  1. Det blir anbefalt at felles sanitæranlegg framleis blir stengde av omsyn til smittevern.

  2. Hytter med eige toalett og dusj kan leigast ut når hytteforbodet går ut måndag 20. april.

  3. Camping kan haldast open for faste vogngjester, bobil- og caravan i første omgong. Fylling av vatn og tøming av toalett/ dotankar må då vere tilgjengeleg.


Så dei nasjonale råda i den felles dugnaden vi alle skal delta i:

  • Unngå unødvendige fritidsreiser
  • To meter avstand med unntak for personar som lever saman til dagleg
  • Fem personer kan vere saman, unntak for personer som lever saman til dagleg
  • Treningssenter, symjehallar, badeland og liknande er stengt
     

Serveringsstadar

Dei fleste serveringsstader skal vere stengt ,men det er gjort unntak for dei stadane der det blir servert mat og det er praktisk mogleg å følgje regelen om minst to meters avstand mellom gjestene og dei som serverer. Serveringsstadane må også følgje andre grunnleggende krav til smittevern.

Regjeringa vil opne samfunnet gradvis og kontrollert