Ekstremvêret Gyda - beredskap

Vegane til Lodalen, Oldedalen og Flo er stengt. Kriseleiinga i kommunen følgjer situasjonen og utviklinga av ekstremvêret Gyda frå time til time. 

Oppdatering 14. januar kl 09:00

Straumbrot i Oldedalen
Straumen kom tilbake til Gytri i Oldedalen fredag morgon.
Torsdag kl 19:30: Melding om straumbrot  i Oldedalen. Det er vanskeleg å utføre utbetring no. Vegen er stengd  og det er vind. Bruk av båt til transport av personell, materiell og utstyr for å utføre utbetringa er ikkje aktuelt.

Informasjonen blir oppdatert når vi har ny informasjon.

Ekstremvêret Gyda har ikkje ført til alvorlege hendingar i Stryn siste døgn. Kommunen er framleis i beredskap, har personell på døgnvakt og er i kontakt med naudetatane og Røde kors. 

Desse vegane er framleis stengde

Sunde Flo:  I periode med stengt veg kan naudetatane passere bommen på eige ansvar.

Loen – Bødal: 
I periode med stengt veg har Stryn Røde Kors beredskap og kan stille med båt ved behov. Det er oppretta naudsamband

Olden – Briksdal: 
I periode med stengt veg har Olden Raude Kross beredskap og kan stille med båt ved behov. Det er oppretta naudsamband.

Kommunen sin vakttelefon veg: 917 21 630

Oppdatering stengde vegar torsdag kl 13:00:
frå Statens vegvesen

Vi har vurdert at vi ikkje opner dei stengde fylkesvegane i Nordfjord i dag. Dette ut frå tilråding frå geologar, verprognosar, NVE sine varsel, våre entreprenørar og vurdering av dei lokale strekningane. Det er meldt auka nedbør og mykje vind i ettermiddag. Til no har Gyda slått til med intense byger som har variert lokalt. Totalt sett har det kome ned mykje nedbør i Nordfjord.  Det er og vanskeleg og forutsjå kvar dei mest intense bygene slår til.  Det bles no vind opptil orkan styrke på fjelltoppane. 

Heimeskule: Der vegane er stengde har elevane heimeskule

Oppmøtestad ved bortfall av elektronisk kommunikasjon

Dersom ekstremveret skulle føre til at både straum og mobilnett ikkje er tilgjengeleg har kommunen etablert oppmøtestader. Ved ein situasjon der du har behov for å kome i kontakt med naudetatane og ikkje har høve til elektronisk kommunikasjon, kan du møte fysisk på desse stadane:

Vikane omsorgssenter, Dragesetvegen 50,  Innvik

Kommunesenteret, Tonningsgata 4, Stryn

Nyttige lenkjer

Varsel frå NVE og MET

Staten vegvesen si samleside om Gyda

Vêrprognose for Stryn:
Oppdatert torsdag kl 17.00: