Er du pårørande eller nær venn av ein person med demens?

Pårørandeskulen i Stryn startar kurs for pårørande til personar med demens 28. februar på Stryn omsorgssenter. Det er lagt opp til fem samlingar.

Pårørandeskulen er eit gratis kurstilbod til pårørande og nære venner til ein person med demenssjukdom. Gjennom faglege førelesningar, plenums- og gruppesamtalar er målsetjinga å:

  • gi pårørande auka kunnskap om demenssjukdomar
  • gi innsikt i metodar for kommunikasjon og samhandling med personar med demens
  • bidra til at pårørande får betre kjennskap til rettigheiter og aktuelle lover, og korleis ein får kontakt med hjelpeapparatet
  • tilby støtte gjennom å møte andre pårørande som er i same situasjon

Fellesskap med andre i same situasjon kan vere ei viktig støtte for pårørande. Ei landsomfattande evaluering av pårørandeskular viser at deltakarane har stor nytte av å delta på kurs. Informasjon og støtte kan redusere omsorgsbelastningane til pårørande og føre til ein betre kvardag både for pårørande og den som er sjuk, Evaluering av tidlegare kurs i Stryn viser at pårørande vurderer at det å delta på kurset er til hjelp, støtte og fellesskap.

Kurset er lagt opp over 5 samlingar med fylgjande tema:

  • Kva er demenssjukdom?
  • Kommunikasjon og samhandling
  • Når åtferd endrar seg
  • Aktivitet og meistring. Trygg og aktiv kvardag med demens
  • Pårørande fortel om sine erfaringar

Ta kontakt dersom du har behov for avlastning for å kunne delta på kurset. Vi vil prøve å vere behjelpeleg med det.

Praktiske opplysningar

Stad: Stryn Omsorgssenter, Buketten   
Dato for samlingar: 28.02, 07.03, 14.03, 21.03,28.03
Kurset er gratis

Påmeldingsfrist: 21. februar      

 

For nærare opplysningar kontakt:
Anita Skarstein

Telefon 94 82 59 79
E-post anita.skarstein@stryn.kommune.no
 

Arrangør: Hukommelsesteamet i Stryn

INFO:

Pårørandeskulen i Stryn kommune (PDF, 303 kB) – her finn du informasjon og påmeldingsslipp

www.nasjonalforeningen.no – Organiserer landets demensforeningar

www.helsedir.no – Dokument om nasjonale satsingar innan demensomsorga

www.aldringoghelse.no – Nasjonalt kompetansesenter for aldring og helse