Flott innsats i plastryddeaksjonen "Rein Nordfjord"

Stryn kommune takkar elevane ved Stryn vidaregåande skule for innsatsen på dagens ryddeaksjon der over 200 elevar rydda i heile kommunen vår. 

Bilde av søppel og to lærarar. - Klikk for stort bileteFungerande ordførar Sonja Øvre-Flo og aksjonsleiar ved Stryn vidaregåande skule lærar Gerd Skarstein.

 

Det er Fjordane Friluftsråd som arrangerte plastryddeaksjonen “Rein Nordfjord” der over 800 elevar ved dei vidaregåande skulane i Nordfjord var ute og plukka plast og anna søppel idag. 

Fungerande ordførar Sonja Øvre-Flo deltok på dagens ryddeaksjon saman med aksjonsleiar ved Stryn vidaregåande skule lærar Gerd Skarstein. Sonja Øvre-Flo er imponert over innsatsen og oppfordrar alle innbyggjarane om å bidra til å halde kommunen vår rein og fri for søppel.

 

Bilde av søppel, lærar og elvar. - Klikk for stort bileteFungerande ordførar Sonja Øvre-Flo, elevane Mohammad Khir Aloweimer, Veronika Hrenbenchuk, Sajidah Tajik og Haitham Ismail Murad