Frisk pust - eit gratis kurs for å mestre stress og belastningar

  • Er du hjartefrisk, men likevel uroleg for om hjartet ditt toler fysisk belastning?
  • Ønskjer du å trene, men unngår det fordi du er utrygg på deg sjølv saman med andre?
  • Har du «brent lyset i begge endar» og treng hjelp til å finne ein god balanse mellom aktivitet/ prestasjon og restitusjon/ kvile?
  • Treng du hjelp til å finne att overskot, energi og livsgnist? 

Bli med på frisk pust og bli betre til å mestre stress og belastningar. Påmeldingsfrist fredag 15. november kl. 15.30.

Frisk pust er eit behandlingstilbod retta mot depresjon, uro og stressrelaterte plager.
Kurset går over 4 gongar og inneheld:

  • 30 minutt intensiv trening på spinningsykkel
  • 45 minutt styrketrening eller yoga
  • Lett lunsj
  • 45 minutt undervisning om psykisk helse

På kurset får du erfaring med å kjenne både på høg aktivitet og på avspenning. Det er fokus på å finne ein god balanse mellom aktivitet og kvile, og finne tryggheit i at kroppen treng begge delar. Du lærer ulike strategiar for å finne balanse i kvardagen. Det dreier seg om å anerkjenne og regulere vanskelege kjensler.

Det overordna målet er å bidra til auka evne til å mestre stress og belastningar, gjennom erfaring med å ta godt vare på si eiga helse både fysisk og psykisk.

MÅLGRUPPE

  • Er du hjartefrisk, men likevel uroleg for om hjartet ditt kan tole fysisk belastning?
  • Ønsker du å trene, men unngår det fordi du blir utrygg på deg sjølv saman med andre?
  • Har du «brent lyset i begge endar» og treng hjelp til å finne ein god balanse mellom aktivitet/prestasjon og restitusjon/kvile?
  • Treng du hjelp til å finne att overskot, energi og livsgnist?

KURSET

  • Kl. 09.00 – 09.30         Spinning med Kristin
  • Kl. 09.45 – 10.30         Styrke eller yoga/ avspenning med Kristin og Olga.
  • Kl.11.00 – 11.30          Lunsj
  • Kl. 12.00 - 13.00         Undervisning

Dagen startar på Gym Stryn i Kveenbygget. Så går vi vidare til Stryn omsorgssenter på stova oppe, der vi har lunsj og undervisning.

 

PROGRAM

Måndag 18. november – Psykolog Olga Sæten og Kristin Heimlid Øiestad

  • Introduksjon. Viktigheita av å ta hand om seg sjølv, korleis den psykiske og fysiske helsa heng saman.

Måndag 25. november – Vivian Tvinneheim og Kristin Heimlid Øiestad

  • Oppmerksomheitsrolla. Alternative tolkningar. ABCD-modellen. Energisylinderen.

Måndag 2. desember – Kristin Heimlid Øiestad og Linda

  • Psykisk helse og belastningar. Handtering av stress og belastning. Frisklivssentralen. Kosthald. Søvn. Fysisk aktivitet.

Måndag 9. desember – Vivian/ Olga/ Linda – Kristin

  • Oppsummering. Målsetjingar. Vegen vidare.

 

PÅMELDING

Påmelding til Anne-Karin Høgalmen: 450 77 044
eller på epost: Anne-Karin.Hogalmen@stryn.kommune.no

Kurset er gratis