Helsestasjonen har rettleiingskurs for foreldre
Stryn Helsestasjon startar opp rettleiingskurs for foreldre 31. oktober 2019.
Kurset blir halde torsdagar mellom 08:00 -17:00. Kvar økt varer 1,5 time. Gruppa blir samde om tidspunkt.
For påmelding ring 57 87 69 99 innan 29. oktober.
Praktisk informasjon om kurset
Kurset er gratis og er i regi av helsestasjonen
Kurset går over 7 samlingar på ca 1,5 time per samling
Foreldregruppa er på inntil ti personar/fem foreldrepar
Det er ønskelig at begge foreldre deltek på kurset
Læringa foregår gjennom ein kombinasjon av videoklipp, samtalar og erfaringsutveksling, refleksjon og å prøve teori i praksis
Ein vel sjølv kor mykje ein ynskjer å dele i gruppa
Kurset forutset norskkunnskap
Informasjon om rettleingskurs for foreldre (PDF, 466 kB)
Sist endra 28.01.2022 11.20