Hugs å klippe hekkar og busker

Høge busker ved avkøyrsler, eller store greiner som heng ut i vegkryss, kan gjere det uoversiktleg for bilistar, syklistar og gåande. Dette er eit aukande problem i sommarmånadane. Trafikantane mistar ikkje berre sikt, men kan også gå glipp av viktig informasjon når skilt langs vegane vert skjulte av grøne buskvekstar.

Folk som bur langs trafikkerte vegar må klippe hekkar og busker av omsyn til eigen og andre sin tryggleik.

Å syte for fri sikt er så viktig at ansvarstilhøva er nedfelt i veglova. Det er du som bur ved vegen som er ansvarleg for å klippe hekk og busker på eigedommen din. Det skal vere god sikt ved vegkryss og ved avkøyrsla. Mange bilistar må også krysse gang- og sykkelvegar for å køyre ut på vegen. Då må dei lett kunne sjå både små og store trafikantar.

Les meir om å klippe hekkar og busker på Statens Vegvesen sine sider