Influensavaksinering i Stryn hausten 2020

Det er kun dei i risikogruppene og målgruppene som får tilbod om influensavaksine for sesongen 2020/21 i Norge.

Tid og stad: (drop-in tilbod, ikkje timebestilling):

Måndag 2.11 – Loen, Loen Bygdehus kl. 11-17

Tysdag 3.11 – Innvik, Styrkhallen kl. 11-17

Onsdag 4.11 – Stryn, Strynehallen kl. 10-16

Torsdag 5.11 – Stryn, Strynehallen kl. 10-16

 

Risikogruppe:

  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine
  • Bebuarar i omsorgsbustadar og omsorgssenter (vaksineres utanom vaksinasjonsdagane)

 

Barn og vaksne med:

  • Diabetes type 1 og 2
  • Kronisk lungesjukdom
  • Hjarte- og karsjukdom
  • Leversvikt eller nyresvikt
  • Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
  • Svært alvorleg fedme
  • Annan alvorleg og/ eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko for deg eller hustandsmedlem etter individuell vurdering av lege (kontakt legekontoret for legetime og vaksinasjon)
     

Spesifikke målgrupper:

  • Helsepersonell som har pasientkontakt
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande griser

 

Pris

Eigenandelen for vaksinen er kr. 50 – den er gratis om du har frikort. Betaling skjer i etterkant via mobil eller faktura. Av smittevernhensyn tek vi ikkje i mot kontantar eller tilbyr kortbetaling i forbindelse med sjølve vaksinasjonen.