Infomøte for deg som vurderer å bli beredskapsheim 

Som beredskapsheim tek du imot barn og ungdom som ikkje kan bu heime i ein periode. Oppdraget er på fulltid med godtgjering tilsvarande full årsløn. Vil du vite meir? På kveldstid 29. april kan du delta på digitalt infomøte frå eigen sofakrok. 

Bufetat er ein statleg etat som mellom anna tilbyr beredskapsheimar til barn og ungdom som akutt treng ein annan plass å bu enn i eigen heim. Det kan vere i nokre få veker, eller nokre månader. Etter opphaldet i beredskapsheimen flyttar dei enten heim eller til eit anna tiltak, til dømes i kommunal fosterheim. 

Bufetat treng no fleire beredskapsheimar i Vestland. Nye beredskapsheimar må kunne ta imot barn og ungdom frå 0 til 17 år. Les meir om oppdraget og kva krav som stillast til heimane på fosterheim.no.  

Silje og mannen bur i Sogn og Fjordane. Dei har vore beredskapshiem i snart tre år.  «Dette føler jeg er en jobb jeg kan bli gammel i. Jeg har kommet på rett hylle, seier ho». Les meir om kvifor ho og mannen ville bli beredskapshiem

Du kan lese meir om infomøtet og melde deg på via denne lenka.