Innspel til bruk av Oldenleirane

Har du innspel til korleis deler av Oldenleirane bør nyttast? Kontakt oss innan utgangen av oktober.

Deler av Oldenleirane er selt til Alda Utvikling AS. Stryn kommune skal legge til rette for at deler av området kan nyttast til allmennyttige føremål. For å få innspel til kva som er ønska i området, var planen å arrangere eit folkemøte i Olden, men på grunn av situasjonen med covid-19 og omsyn til smittevernreglane, har vi vurdert at dette ikkje er tilrådeleg.

Vi ynskjer difor at alle som har synspunkt eller idear om kva som bør leggast til Oldenleirane, sender oss innspel om dette. Vi ynskjer innspel snarast råd og helst innan utgangen av oktober.

Innspel kan sendast til:
postmottak@stryn.kommune.no eller til Stryn kommune, Tonningsgata 4, 6783 Stryn innan 30.10.2020.


Raud farge på kartet markerer avgrensing av det aktuelle området på Oldenleirane. (PDF, 12 MB)


Kommunedelplanen for Olden

For område S303 gjeld dei generelle føresegna i tillegg til det som står under sentrumsføremål. Føringane frå kommunedelplanen skal i utgangspunktet ikkje fråvikast. Dette må i tilfelle gjerast i samband med reguleringsplanprosessen.