Investeringsmidlar til tiltak i beiteområde 2020

Stryn kommune lyser med dette ut investeringsmidlar til tiltak i beiteområde for 2020. Beitelag sender søknad om tilskot til kommunen. Søknadsfristen er 1. mars.

 

 

 

 

 

 

 

Formålet med tilskotet er å legge til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremme fellestiltak i beiteområda.

Generelt kan det gjevast tilskot til alle typar tiltak som fremjar beiting i eit område, men i hovudsak skal tiltaka vere stasjonære. Døme på aktuelle tiltak:

  • Sanke- og skiljeanlegg
  • Bruer dimensjonert for dyr og folk
  • Sperregjerder for å sikre at dyr ikkje kjem over i farleg område
  • Gjetarhytter/ sankehytter
  • Elektronisk overvakingsutstyr
  •  

Prioriteringar for 2020

  • Faste installasjonar og kostnadskrevjande investeringar
  • Investeringar i teknologi knytt til beitebruk
     

Rettleiande timesatsar for eige arbeid

  • Manuelt utført eige arbeid (inkl. motorsag o.l): 350 kr/time
  • Bruk av traktor: 600 kr/time
  • Gravemaskin: 800kr/ time (eller etter rekning)

Tilskotssatsen vert tilpassa søknadsmengda.

Søknadsskjema

Beitelag sender søknad om tilskot til kommunen.
Søknadsfrist 1. mars 2020

Hugs naudsynte vedlegg, som kart og løyver m.m.

Midlane skal forvaltast i tråd med Forskrift om tilskudd til tiltak i beiteområder (FOR-2013-02-04-206).